Samnanger Batforening

LOVER FOR SAMNANGER BÅTFORENING Org.nr: 914 344 441

FØREMÅL: Båtforeningen har til føremål å samla båteigarar i Samnanger og ta vare på sams interesser. Særskilt nemnast arbeidet for å få brukbare fortøyningshamner ved å byggja båthamner.

STYRE: Styret skal ha 5 medlemmer: Leiar, sekretær, kasserar, 2 styremedlemmer og 2 varamenn. Det skal veljast bryggekomite på 3 medlemmer og leiar av bryggekomiteen skal sitja i styret som ein av styremedlemmene.

ÅRSMØTE: Med val av styre, vert halde innan 30 april året etter. Årsmøtet har føre årsmelding, rekneskap, budsjett og innkomne framlegg. Framlegg må vera komne inn til styret seinast 1 veke
før årsmøtet. Lovendringar og nye viktige arbeidsoppgåver for laget, kan berre vedtakast av eit vanleg eller ekstra årsmøte. Slike framlegg må kunngjerast som eiga sak seinast 2 veker før møtet.

VALORDNING: Alle val gjeld for 2 år. Ein må velja slik at det alltid sit att 2 frå det tidlegare styret. Ein tillitsmann kan nekta attval i like lang tid som han har fungert.

MEDLEMMER, ÅRSPENGER, NYE BÅTPLASSER: Alle kan verta medlemmer. Medlemskontigent vert fastsett av årsmøtet. Styret fastset bryggeleiga og årsmøtet godkjenner budsjettet. Dersom minst 12 nye medlemmer ynskjer båtplass, skal laget så langt råd er, ta på seg å skaffa desse plass på same vilkår som tidlegare medlemmer.

DUGNAD. Som ein del av miljøarbeidet i foreninga, skal styret sjå til at medlemmane i foreninga får tilbod om å delta i ulike dugnader som blir skipa til. Alle medlemmar som eig båtplass i flytebryggjene, skal utføra dugnad som svarar til 2 kveldar ( ca 6 timer) pr år. Medlemmer som ikkje møter fram til avtalt dugnad, skal betale kr 500 i gebyr. Dugnadsordninga skal organiserast av bryggekomiteen og ein oversikt skal sendast styret før årsmøtet.
Medlemmene skal handsama materiellet til laget med varsemd. Vert noko skada, kan ein verta økonomisk ansvarleg. Materiellet skal etter bruk leggjast attande på den staden styret har tilvist.

BÅTPLASSAR: Styret skal ha oversyn over kven som har båt på plassane. Styret set fast den årlege leiga i samsvar med felles utgifter. Framleige og overdraging av plassane må godkjennast av styret. Plass vert tildelt etter ansiennitet. Medlem som har plass i bryggja og ikkje vil nytta han i sesongen, må gje styret melding innan 1. april same år, dersom han skal sleppa å betala den årlege leiga for plassen. Styret har høve til å leiga ut ledige båtplassar for sesongen. Leigar betalar då fullt medlemskap saman med gjeldande årleg leige. Fremleie av båtplass skal betales inn til kasserer. Prisen for et år er kr. 4000,- for stor plass og kr. 3000,- for liten plass og skal i sin helhet betales inn til kasserer, før leien kan starte.

Gebyr: Det vil bli innført et gebyr på sjøsetting av båter/vannscootere i Samnanger båtforening på kr. 50,- Det kan brukes: Vipps eller giro til formålet. Skilt med konto etc. ved opptrekket. For de som er medlemmer eller de som melder seg inn i båtforeningen er dette gratis.

SPESIELT VINTER: Det skal ikkje liggja båtar ute i flytebrygga frå 1. november til 15. mars. All vinterlagring av båter skal gå direkte gjennom formannen i Samnanger båtforening – på epost eller SMS. Det skal oppgis navn, kontonummer og lengde på båt ved henvendelsen. Betaling av vinterleie skal innbetales til kasserer innen 31. januar. Skal det brukes strøm må det meldes på forhånd. Formannen avtaler på SMS, dato for felles opptak av båter. Pprisen pr. fot for vinterlagring kr. 80,-. Alle båter i Samnanger båtforening skal være forsikret.

EKSKLUSJON: Om nokon bryt lovene, ikkje følgjer vedtak frå styret eller anna styresmakt, eller på anna vis ikkje er kollegial eller heiderleg, kan lagsmøte eller årsmøte ekskludera vedkomande med 2/3 fleirtal. Styret har suspensjonsrett til møte kan haldast. Vedkomande skal varslast slik at han kan vera tilstades for å ta vare på interessene sine.

RO/ORDEN: I båthamna skal det vera ro og orden. Medlemane skal sjå til at dette vert gjennomført.

Parkering: På båtforeningen sine områder skal være systematisk parkering, slik at det er plass til flest mulig biler. Vi kan også bruke området mellom naustene i sør, der det er kommunal eiendom.

Båttilhengere: Det er ikke lenger tillatt å la tomme båttilhengere stå parkert i båtforeningen.

Ordensregler: For behandling av fisk: Det er ikke tillatt å renske fisk i hele området der båtforeningen disponerer anlegg og vinterlagring av båter. Dvs. Alle områder utenfor/innenfor molo og bølgebryter.

Depositum for nøkkel: Depositum på nøkkel kr. 300,-

Årskontingent: kr. 200,- pr år – som skal være med å dekke konkret vedlikehold av anlegget.

Årsleie fast båtplass: Den er satt til kr. 2000,- pr. båtplass

OPPLØYSING AV LAGET: Dersom laget skal løysast opp, må årsmøtet vedta dette med minst 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal alle aktiva etter at alt er gjort opp, gå til Norsk Selskap for Skibbrudnes Redning, dersom laget ikkje kan koma i arbeid att innan 3 år.

Revidert: Årsmøtet juni, 2019